Koers M.A.T.T.

– familiebedrift sidan 1995

Velvære og duftopplevingar gjennom 30 år

Koers M.A.T.T. har heilt sidan 1995 vore ei familiebedrift med eit klart mål: å gjere kvardagen din litt betre gjennom velvære, kvalitet og gode opplevingar. Med lidenskap for gode dufter og trivsel tilbyr vi eit breitt utval av produkt frå Ambisol i Spania, som gjennom mange år har spesialisert seg på å skape høgkvalitets duft- og velværeprodukt.

Frå frisk atmosfære til spa-stemning

I vår nettbutikk www.ambisol.no finn du alt frå elegante luftfriskarar til deilige body- og massasjeoljer. Produkta er utvikla for å skape ro, glede og inspirasjon i kvardagen – anten du ønskjer ei frisk og oppløftande atmosfære i stova, ein avslappande aromatisk oppleving på soverommet, eller ein spa-liknande stemning på badet.

Kvalitet og velvære frå Sør-Europa

Vi er stolte av å kunne bringe desse produkta frå Sør-Europa til Noreg, og vi ser at stadig fleire set pris på både kvaliteten og opplevinga dei gir. Våre duftprodukt passar like godt til eigen bruk som til gåver – små detaljar som gjer ein stor forskjell.

Personleg service, både digitalt og lokalt

Bestilling kan gjerast direkte i nettbutikken, men du kan òg ringe oss på 717 06 417 dersom du ønskjer personleg service og hjelp til å finne rett produkt. For dei som vil treffe oss ”live”, er du hjarteleg velkomen til å besøke oss på Lilleeide Gård – vår idylliske heim, der vi gjerne deler både produkta og historia bak.